BC tok backflip
VIDEO: Bjørn Christian "BC" Pedersen prøvde water jet pack på Key West, og klarte nokon ingen europear har gjort før han.
Bjørn Christian Pedersen og sambuaren Eline Lundervold var i haust lei av regnet og bestemte seg for å reisa til varmare strøk.
– Eg hadde høyrt så mykje positivt om Florida at det blei til at vi bestilte tur til USA, fortel BC.
Dei to fekk fullt utbyte av turen, der dei tilfeldigvis fekk med seg karnevalet Fantasy Fest på Key West, luftbåtsafari i Everglades og både bilmesse og NFL-kamp i Miami.
I tillegg fekk den båt- og vannsportinteresserte osingen også med seg ei stor båtmesse i Fort Lauderdale.
Men det mest spesielle BC opplevde i Florida var ein tur med jet pack av typen Jetlev.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
– Første flip av europear
– Eg hadde høyrt om jet pack på førehand og sjekka det ut på nett før avreise. Vi planla lite før vi reiste, vi ville leiga bil og ta ting litt på sparket. Men akkurat turen til Key West og test av jet pack sto på ønskjelista.
På plass i Key West var det ledig tid hos dei som driv utleige av den spesielle "flyge-ryggsekken". Etter ei stund med flyging var BC sliten, og i forsøk på å kompensera for noko han meinte var press bakover, lente seg framover.
Dermed pressa vasstråla seg fram og turen vidare gjekk i baklengs salto og enda med perfekt mageplask.
– Det gjekk fint å ha kontroll på en, men når du gjorde noko feil så skjedde ting fort, ler BC.
– Jetlev blir berre leigd ut på Key West. Ifølgje dei som driv med Jetlev er det få nordmenn som har prøvd og ingen europear før meg som har tatt baklengs salto, ler BC om det heldige uhellet.
Saltoen blei, ifølgje arrangørane, tatt rett framfor huset til Oprah Winfrey.
Dyr maskin
Jet pack er som ein ryggsekk med sykkelsete og to vassjet-motorar.
– Styrken på strålene kan styrast som motorsykkelgrep, men for turistar som meg er det fjernstyring og dei om bord i båten som styrer styrken.
Prisen var 1700 kroner for tur, demo, instruksjon og testing.
– Eg skjøner at det må kosta litt per tur, for prisen på ein Jetlev fann eg på båtmessa, der den var på tilbod til 100.000 dollar. Til samanlikning kostar Camaroen vi leigde 250.000 kroner, ein bil som kostar 1,3 millionar kroner i Noreg.
– Visst det blir fleire turar til Florida, vil du prøva det igjen?
– Ja! Men då vil eg styra spakane sjølv.
Sjå video:
Sjå video på YouTube av korleis proffane gjer det.
VIDEO: Under ser du BC sin backflip. (Privat foto)