Lokal | 28. jan. 2016

«Bauta» fall av beredskapsomsyn

Det var sterke kjensler i sving i føremiddag då det omdiskuterte gamle furutreet i Vestre Lurane gjekk ned.

«Bauta» fall av beredskapsomsyn
Då Midtsiden kom, var kommunen alt godt i gang med å fella treet som har to stammar og er over 100 år. (Foto: CV)
Cathrin Valestrandtorsdag 28. jan. 2016 15:02

Bildeserie:

(Foto: CV)
(Foto: CV)
Det vart mykje å køyra vekk då furua var saga ned (Foto: CV)
Det vart mykje å køyra vekk då furua var saga ned (Foto: CV)
1 av 2

Anne Kjersti Storebø og Agnar Lunde var blant tilskodarane i føremiddag då ein «bauta» i nærmiljøet deira fall.

– Ikkje eit ord har vi høyrt frå kommunen om at dette treet skulle fjernast. Leigland Bygg snakka om å leggja midlertidig veg her, fordi vegen i Smiebakken trua med å rasa ut for dei. Eg har tilbydd kommunen å disponera delar av min eigedom til midlertidig veg, men har ikkje fått svar eingong.

–No tek kommunen ned treet utan å eingong informera oss, seier Storebø frustrert.

Beredskapsomsyn

Furua det er snakk om har fått stå i fred i over hundre år. Dei frammøtte naboane meinar dei er ein «fin miljøfaktor» i området. Treet står på kommunal grunn, og per i dag er der ein gang- og sykkelsti ved treet. Treet står ifølgje kommunen på areal som er regulert til veg ifølgje gjeldande reguleringsplan.

Marianne Kramer, teknisk sjef i Os kommune, seier at dei valde å ta treet no av beredsskapsomsyn.

– Det har vore delte meiningar om dette treet. Nokre ville behalda det, og nokre ønskte det vekk. Vi hadde truleg ikkje kome til ei semje med alle i løpet av dagen i dag. Og treet tok vi vekk som førebuing til uvêret som er varsla i morgon, seier Kramer.

– Det rasar i Smiebakken

Då stormen Nina herja for eit års tid sidan, gjekk det også utover den gamle furua i Vestre Lurane.

– Då måtte vi ut og fjerna ein del greiner som uvêret knekte av. Det har gjort oss litt urolege for kor trygt treet er. Ein annan vesentleg grunn er at dei dei siste dagane har rasa ein del i Smiebakken, på Kiwi-tomta der Leigland bygg skal byggja ny butikk. Vêret som er varsla kan gjera det nødvendig å stengja vegen i Smiebakken på kort varsel. Då må vi vera klare til å etablera omkøyringsveg på kort tid, seier Kramer.

Kjende ikkje til tilrettelegginga

Prosjektleiar på Kiwi-tomta for Leigland Bygg, Sondre Romundset kjente ikkje til at treet var fjerna då Midtsiden kontakta han.

– Såvidt eg kjenner til, har vi kontroll på den delen av bakken som grensar opp mot Smiebakken, så eg er ikkje uroleg for den. Eg visste heller ikkje at kommunen har byrja å leggja til rett for omkøyringsveg om Vestre Lurane, seier Romundset.

Storebø, som også er leiar for førebyggjande avdeling i Os brannvesen, seier at beredskapsmessig er den skisserte omkøyringsvegen uhaldbar fordi den ikkje er dimensjonert for dei store bilane som eventuelt lyt fram ved ei utrykking.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.