Kultur | 26. juni 2014

Båtbygging ved Baronselva

Hallgeir Forstrønen Bjørnevik tar hand om dei minste under marknadsdagane.

Båtbygging ved Baronselva
Hallgeir Bjørnevik si båtbygging er populær også blant dei yngste. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. juni 2014 15:17

Bildeserie:

Ungane får låna kvar sine båtar som dei kan leika med i elva. (Foto: KVB)
Ungane får låna kvar sine båtar som dei kan leika med i elva. (Foto: KVB)
Segl, strikk eller snor? (Foto: KVB)
Segl, strikk eller snor? (Foto: KVB)
Telthusplassen er ein populær oase i Os sentrum. (Foto: KVB)
Telthusplassen er ein populær oase i Os sentrum. (Foto: KVB)
1 av 3

I dag starta marknadsdagane på Os og ein av aktivitetane for dei yngste er det båtbyggar Hallgeir Forstrønen Bjørnevik som står for.

– Eg har med meg ein del småbåtar med segl og strikkmotor, og bygger nokre på staden, seier Hallgeir, som også stiller ut ein oselvar han har bygd.

Les portrettintervju med Bjørnevik i magasinet Midtsiden.

Båtbyggaren har tatt seg fri for å sitja tre dagar på rad på Telthusplassen ved Baronselva i Os sentrum.

– Alle er velkomne innom med sine små, seier Hallgeir, travelt opptatt med å supplera alle dei unge med båt.

Fleire tilreisande utstillarar

Dei fleste butikkane og fleire restaurantar i Os flyttar utandørs i tre dagar denne siste helga i juni.

– I tillegg har vi eksterne utstillarar som blant anna sel Volkswagen, syltetøy, tresko, Tupperware og Oriflame, og vi har lag og organisasjonar, som Osfest, LHL, Os Turn Friidrett og nokre politiske parti, fortel leiar i Os Sentrumsforening, Geir Amundsen.

Moteshow og breakdance

På Telthusplassen blir det også rigga scene.

– Her skal vi ha både dans og moteshow.

Butikkane i Os viser sommarmoten dei har i hyllene på eige show klokka 13 laurdagen. Same dag skal det vera show med Sprek og Blid og med dansegruppene Tag the Floor og Funky 2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.