Båt sleit seg
Politiet: Ein Viksund 385 blei funnen på rek og tatt hand om. Framleis trøbbel med passautomaten på lensmannskontoret.
Klokka 22.50 onsdag kveld fekk politiet melding om ein båt som hadde blitt funnen på rek.
– Det var ein Viksund 385 med ein 30 hk Suzuki-motor som blei funnen.
– Meldar hadde tatt hand om båten og fortøyd den i nærleiken av Os sentrum.
– Om noko saknar den, så kan dei ta kontakt med lensmannskontoret, seier lensmann Rasmus Dalen.
Framleis passkrøll
Automaten som ein nyttar til å ta passbilete og laga nye pass med er framleis ute av drift.
– Eg er i stadig kontakt med dei som kan ordna den, for å få ei tilbakemelding på ståa.
– Førebels veit vi ikkje når den vil vera oppe og gå igjen, forklarar Dalen.
Treng du nytt pass, må du difor kontakta Bergen Sør politistasjon i Fana eller på ein av dei andre stasjonane i Bergen.