Båt på rek, bil utan skilt og rusa bølle
Politiet sendte fredag heim ein rusa krangelfant og jakta seinare på ein mørk BMW utan skilt.
Fredag hadde politiet i Os laserkontroll på Søfteland saman med UP.
Der tok dei mange fartssyndarar.
I 20-tida på kvelden fekk dei melding om ein kranglete gjest på ei privat adresse.
– Vedkomande, ein kjenning i 20-åra, var rusa og vanskeleg så vi fjerna han frå staden, fortel politibetjent Rune Fimreite.
Seinare på kvelden fekk politiet melding om ein mørk BMW som kjørte rundt utan skilt.
– Vi fann ikkje bilen, men har tatt nokre notatar og kjem til å følgja opp.
I 4-tida natt til laurdag blei patruljen vitne til ei forbikjøring som ikkje såg heilt trygg ut.
– Vedkomande blei stoppa og fekk ei åtvaring. Vi har notert oss namn på førar og nummer på bilen, og om det blir ein neste gong så blir det nok ikkje berre ei åtvaring.