BARK-start!
Heile 26 barn i alderen 3-13 år stilte då Os Røde Kors starta barna si eigen Røde Kors-avdeling.
Os Røde Kors driv ikkje berre med hjelpekorps og kriser. Like viktig er aktivitetar som besøkstenesta, opne grenser og no det siste tilskotet på Røde Kors-treet; Barnas Røde Kors (BARK).
– Etter nokre månader med planlegging var det klart for oppstart 14. mai.
– Ti leiarar frå fem ulike land (Noreg, Polen, Tanzania, Nigeria og Bulgaria) sto klare til å ta imot barna i alderen 3 til 13 år, fortel leiar i Os Røde Kors Nina Solvår Sælen.
Leik og moro
Etter ein kort introduksjon til BARK var det i gong med å bli kjende med kvarandre, og teste ut dei nyinnkjøpte leikane.
– Det var ivrige ungar som testa teiknesakar, klossar/lego, ulike brettspel, fotball, hoppetau og mykje meir.
– I tillegg serverte vi tomatris, krumkaker, brownies og saft, som eg trur fell i smak, fortel Sælen.
Fargerik fellesskap
Sælen er glad for den positive mottakinga, og tilbakemeldingane, det gratis tilbodet fekk.
– Fleire av foreldra som følgde barna gav tilbakemelding på at dei hadde sakna eit slik tilbod til denne aldersgruppa.
– Det blei eit fargerikt fellesskap i Røde Kors-huset.
– Vi er glade for at så mange kom, men har plass til enno fleire når vi møtast at 28. mai klokka 17.30, smiler Røde Kors-leiaren.