Lokal | 27. jan. 2013

Bål og pipebrann på Søfteland

Laurdag morgon var det full fyr i ei pipe, natt til søndag rykte brannvesenet ut på bålbrenning.

Bål og pipebrann på Søfteland
Brannvesenet i Os var laurdag ute på pipebrann igjen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 27. jan. 2013 22:09

Laurdag i 8-tida kom melding om pipebrann på Søfteland.

– Det var full fyr i pipa og over 100 gradar varmt på utsida av pipa, seier varabrannsjef Arne Monsen.

– Men vi fekk fort kontroll på brannen, legg han til.

Det var folk i huset då det byrja å brenna i pipa. Dei kan ikkje bruka omnen igjen med det første, men kunne fint bu i huset etterpå.

Grilla nattmat?

Klokka 02.20 natt til søndag rykte brannvesenet ut på avstandsmelding om brann.

– Nokon hadde sett opne flammar i eit bustadområde på Søfteland.

– Vi rykte ut og fann eit bål, men ingen folk.

Varabrannsjefen minner om at det er forbode å brenna bål etter at det er mørkt, blant anna for å hindra unødig utrykning. Du skal også sløkka eit bål før du går ifrå det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.