Baksmell eller pengar tilbake?
No kan du sjekka sjølvmeldinga di for 2015. Har du ikkje tatt høgde for lågare rente på bustadlånet ditt kan du få deg ei negativ overrasking.
I natt blei sjølvmeldinga for 2015 lagt ut for 4,7 millioner lønnsmottakarar og næringsdrivande over heile landet.
3,6 millionr får sjølvmeldinga berre elektronisk på skatteetaten.no eller via mobilappen Altinn. Dei som ikkje har registrert seg for elektronisk sjølvmelding vil få den tilsendt i posten i løpet av dei komande dagane.
Gunstig rente - mindre fradrag
Er du av dei som har gledd deg over at renta på huslånet ditt har gått ned gjennom 2015, så kan du få deg ein baksmell når du no sjekkar sjølvmeldinga.
Lågare rente gir lågare rentefrådrag (fordi du rett og slett har betalt mindre til banken din) og med det; mindre du kan trekka frå på skatten.
Ei berekning gjort på eit lån på 2 millionar kroner syner at dette fort kan utgjera mellom 3500 og 4000 kroner avhengig av kor mykje renta di har blitt redusert i løpet av 2015 samenlikna med 2014.
Har du ikkje justert opp skattetrekket ditt tilsvarande risikerer du i dag å få deg ei negativ overrasking.
Sjekk opplysningane!
For dei aller fleste av oss er sjølvmeldinga no så automatisert at det aldri har vore enklare.
– Førehandsutfylt er ikkje det same som ferdigutfylt. Sjekk at opplysningane i sjølvmeldinga er korrekte og fullstendige, slik at du ikkje betaler for mykje skatt. Det kan til dømes vera fradrag du kan ha krav på som ikkje er ført opp, seier skattedirektør Hans Christian Holte i ei pressemelding.
På skatteetaten.no finn du fleire verktøy som kan hjelpe deg.
Viktige datoer og frister
30. april: frist for å levera sjølvmeldinga for lønnstakarar og pensjonister
31. mai: frist for å levera sjølvmeldinga for næringsdrivande
22. juni: varsel om når skatteoppgjeret er klart
Etter det er det løpande skatteoppgjer fram til 12. oktober.