Bakketeig best av 73 Interoptik-butikkar
For første gong i butikken si 85 år lange historie, går dei til topps i kjeda.
Interoptik Bakketeig Os er kåra til «årets butikk» i Interoptik-kjeda. I konurranse med 72 andre gjekk dei heilt til topps for første gong.
– Dette var veldig gledeleg, spesielt med tanke på det spesielle året vi har lagt bak oss, seier butikksjef Michelle Sundqvist.
Butikken opplevde vekst i fjor samanlikna med det veldig gode året i 2019.
Det var rett nok med berre 1 prosent, men veksta kom trass i over ein månad med stengt butikk i starten på koronapandemien i fjor, og utan marknadsdagane, som plar vera ei tid der også dei med godt syn kjøper fine briller for å skjerma seg mot sollys.
- Les òg: – Lange lister når vi opnar igjen (april 2020)
– Ein 85-åring som er frisk og frampå
Kjededirektør Trond Lie Jensen er glad for at fleire butikkar i kjeda klarte å auka også i 2020.
– Men vi legg minst like stor vekt på resultat av kundeundersøkingane våre, og her skårer Bakketeig svært høgt, fortel kjededirektøren.
– I Interoptik-kjeda legg vi vekt på faget vårt, optikarane våre synest faget er så gøy at vi nesten kan kalla dei for litt nerd. Bakketeig Os har eit fagleg sterkt team, eit triveleg arbeidsmiljø og ein smørblid butikksjef, synest han.
I 2016 var det 80 år sidan Bakketeig blei starta.
- Les òg: Då Bakketeig kom til Os (2016)
– Her har vi ein 85-åring som ikkje kviler, men som er frampå, også i år som i utgangspunktet er litt vanskeleg. Prisen er vel fortent, seier Lie Jensen.
For første gong
– Vi har fått pris før, men det har vore internt blant Bakketeig-butikkane våre, seier optiker Linda Bakketeig.
Aksjane er det no sonen Andreas og svigerdottera Anette C. Bakketeig som sit på. Bakketeig Invest har, forutan modeskipet på Os, butikk i Bergen og i Arna.
– Arna låg godt an til prisen for nokre år sidan, etter formidabel auke. Den gong var vi litt skuffa, no er vi berre glad, seier Anette Bakketeig, direktør i Bakketeig Invest.
Saman med heideren fekk dei ein sjekk på 20.000 kroner.
– Pengane skal vi bruka på å gjera noko sosialt saman, seier butikksjef Michelle.
I ruta under ser du stemninga då kjeda kom inn døra med sjekken: