Lokal | 20. aug. 2011

Bak lukka dører

Interessert i ein diskret helseprat? Helsestasjon for ungdom held fram, men med nye åpningstider og med enkelte nye metodar.

Bak lukka dører
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 20. aug. 2011 09:10

Os kommune har lenge hatt tilbod om helsestasjon for ungdom, ei teneste for unge mellom 13 og 20 år, der ungdom kan koma utan å bestilla time, for å få p-piller eller kondomar eller for å snakka om alt frå kosthald til seksualitet.

– Utgangspunktet for at tilbodet blei oppretta var høge aborttal, prevensjon, smittevern og testing for kjønnsjukdomar er dei mest vanlege tenestene, fortel helsesøster Gro Brudvik.

– Men vi får også innom ungdom som har spørsmål om heilt andre ting, frå ernæring og spiseforstyrrelser til rus og andre generelle helsespørsmål, seier kollega Eva Kleive.

Har teieplikt

Helsestasjon for ungdom har tidlegare vore open kvar tysdag ettermiddag, utanom når skulen har ferie. Frå komande veke er dette endra til måndagar etter skuletid.

Mange har nytta seg av tilbodet, helsestasjonen tar imot frå 5 til 20 ungdomar på desse to timane.

– Eg trur hovudårsaka til at mange bruker denne tenesta er at ein del ungdom har spørsmål dei vil drøfta med andre enn fastlegen, som gjerne er ein person dei har kjent i mange år, og som også kjenner foreldra deira godt, seier Arne Bakke, leiar for førebyggande helsetenester i Os kommune.

Helsesøstrene seier ungdomen ofte startar samtalen med å forsikra seg om at ikkje foreldra eller andre får veta kva dei snakkar om, eller at dei har vore på helsestasjonen.

– Vi har teieplikt og held sjølvsagt samtalane for oss sjølv. Dette er eit lågterskeltilbod der ungdom kan koma og snakka med oss om det dei vil, utan at andre får veta det og utan at vi skal vera morialiserande.

Tar chlamydia-testen sjølv

Det er ikkje berre opningsdagen som er ny for helstestasjonen, ganske ny er også testutstyret som gjer at også jenter kan testa seg for chlamydia utan å gå til gynekologisk undersøking.

– Tidlegare var det berre gutane som kunne ta testen sjølv, no kan også jentene berre gå innom toalettet og koma tilbake til oss med prøven.

Dei som ikkje høyrer noko på ei veke er frisk. Dei som er smitta får ein telefon, på eigen mobiltelefon, frå helsestasjonen.

– Dei som er smitta blir sterkt oppfordra å å kontakta tidlegare seksualpartnarar for å fortelja om dette, for at også desse skal testa seg. Men om dei vil kan vi, utan å røpa deira namn, ringa til desse og opplysa at ein tidlegare partnar har testa positivt, seier Bakke.

Ei undersøking i 2010 viste at Os kommune har svært mange tilfelle av chlamydia-smitte blant ungdomar. Folk kan gå lenge å vera smitta utan å ha symptom.

– Faren med å gå lenge med smitten er i hovudsak to ting; du kan få problem med å bli gravid og du smittar andre utan å veta det.

Å bli steril høyres kanskje ikkje så dramatisk ut for ein ungdom, som knapt ser for seg seg sjølv som mor eller far, men den dagen du ønskjer å få barn kan det vera veldig tungt å ikkje få det til.

Gratis prat - gratis prevensjon

Helsesøstrene inviterer til prat om kva det måtte vera, og forsikrar ungdomen om at ingen spørsmål er dumme og ingen spørsmål er sjokkerande.

– Vi får spørsmål om alt frå smitte og graviditet til sex pg seksuell legning, ingenting tema eller type spørsmål overraskar oss, vi prøver berre å vera enkle å snakka med og gode til å svara.

På helstestasjonen kan du få resept på p-piller, som i praksis er gratis for jenter under 20 år (100 kr støtte frå staten per pakke), og du kan få kondomar gratis. Alle tenestene er også kostnadsfrie.

Helsestasjon for ungdom - kort fortalt

• Stad: Os rådhuset
• Open kvar måndag (ny vekedag frå hausten 2011)
• Opningstid 14.30-16.30
• Inngang frå kundetorget
• Drop-in, du treng ikkje bestilla time
• Alle tenestene er gratis
• Telefon: 56 57 50 00

Du kan også lesa om tilbodet på ung.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.