Badar året rundt
Ein gong i veka møtast 10 vaksne damer i Mobersvikjo for ein dukkert. Møt Oseana Badenymfer.
Det kaldaste dei har vore borti i løpet av dei fire vintrane dei har bada, er minus 14 i lufta og pluss éin i vatnet, og då låg det 40 cm snø på stranda.
Tysdag kveld var det berre -12 i lufta og heile 2 plussgradar i vatnet.
Dei er enkle å kjenne igjen, med lik lue, lik badedrakt og like godt humør, spring dei ut i vatnet med lua på hovudet og badesko på beina, dykkar under og spring opp igjen til bålet for å varma seg.
- Kor ofte er det bading med gjengen?
- Vi badar éin gong i veka året rundt, utanom i fellesferien.
- Kvifor ikkje i fellesferien?
- Det blir for varmt i fellesferien. Beste vêret er eigentleg når det regnar eller snør, sjølv om det i dag er veldig fint.
- Du veit, no som det er så kaldt treng vi ikkje tørke oss, for når vi finn fram handkleet kan vi berre slå oss på armen, så ramlar isen av.
- Kor mange er det som deltar?
- Vi plar vera ti stykker som badar, men i dag er vi berre sju. To har tatt turen til varmare strøk og éi har skadd seg på isen.
- Vil de anbefala dette til andre?
- Heilt klart!
- Det er veldig sosialt, og vi held oss veldig friske.
- Du skulle tru at det var veldig kaldt med ein gong du kjem opp av vatnet, men ingen av oss har fått gåsehud nokon gong, vi blir berre veldig kald på fingertuppane, avsluttar dei sporty damene.