Ba pappa ringa politiet
Ein ung osing som kjørte utfor med promille på julaftan, innrømte å ha synda før han la seg. No er han dømt.
I 3-tida natt til til 24. desember i fjor kjørte ein mann i starten på 20-åra i grøfta på Ulven.
Då han kom heim ba han faren ringa politiet og fortelja at han hadde kjørt bil med promille.
Blodprøven viste at han hadde hatt ein promille på 1,49 då han kjørte utfor.
Fredag 3. mai var saka hans oppe i Nordhordland tingrett. Sikta møtte og samtykka i at dommen blei gjennomført som tilståelsesdom.
Hugsar lite
Han forklarte at han hadde drukke alkohol, og at han ikkje hugsar å ha sete seg inn i bilen. Men han hugsar glimtvis å ha kjørt bilen.
Han sa vidare at han ønska å få straffa og få saka ut av verda.
Politiet bad om 18 dagar fengsel og 20.000 i bot til sikta.
Fekk tre dagar rabatt
At promillen var høg og at bilturen enda med utforkjøring blir sett på som skjerpande, men at mannen sjølv tok initiativ til å kontakta politiet, og at han samtykka til avgjerd som tilståelsesdom blir sett på som formildande.
Sikta blei dømt til 15 dagar fengsel og til å betala ei bot på 20.000 kroner.
Han må også venta to år med å ta ny førarprøve.