Avsluttar med golf-orientering
Os orienteringsklubb avsluttar sesongen med å innleia eit nytt samarbeid. Laurdag løper dei på golfbanen.
Eit heilt nytt samarbeidsprosjekt i kommunen startar laurdag. Bjørnefjorden golfklubb og Os orienteringsklubb innleier samarbeidet med orienteringsløp, medlemsmøte og golf laurdag.
– Dette samarbeidet kan bli spennande. Går dette bra kan det bli fleire o-løp på Bjørnefjorden golfklubb, og kjem snøen, så kan det bli ski-orientering også, seier Tommy Sævareid, leiar i Os orienteringsklubb (Os ok).
Spesialteikna kart
Dagen startar med orienteringsløp klokka 12 på spesialteikna o-kart på golfbanen.
– I tillegg til medlemmane i Os ok er deltakarane som har oppnådd tur-o merke invitert til å vera med.
– Kartet er eit utsnitt av kartet "Osøyro" og laga i 2016 etter sprintnormen med målestokk 1:5000 og 2 meter ekvidistanse. Vi må sjølvsagt taka vare på golfbanen, så greenane er merka med grøn farge i kartet, noko som for orienteringsløparane betyr forbode område. Oftest er denne merkinga brukt for private områder og hagar i karta, forklarar Sævareid.
Prisdryss
Etter endt løp vil orienteringsklubben dela ut tur-o merker til dei som har oppnådd det. To veker før sesongslutt hadde heile 47 deltakarar oppnådd gullkravet.
– Det vil òg bli ekstra premiar til dei ivrigaste tur-orientererane og nokre premiar som vi trekk tilfeldig blant deltakarane i år. I kafeen blir det medlemsmøte kor klubbmeistrane og nokre av dei som har utmerka seg i løpet av sesongen blir premiert.
– Dagen avsluttar vi med golf, så blir det spennande å sjå om nokre av o-løparane er like flinke til å treffe holet, som dei er til å treffa postane, avsluttar Sævareid.