Avsluttar i Os
Riksteatret avsluttar turneen med den kritikarroste framsyninga Bikubesong i Oseana i kveld.
Dei som skulle rigga til scena for framsyninga Bikubesong var i gang tidleg i Oseana i dag for å få alt ferdig.
- Eg gler meg og har veldig store forventningar til i kveld, fortel kulturhusvert i Oseana Janne Mari Hjelle.
Vêromslag i Oseana
Riksteatret starta turneen sin på Stord 12. september, og har sidan reist kysten rundt. Framsyninga Bikubesong hadde urpremiere i 2003 og gjekk for fulle hus på Det norske teatret i 3 år.
- Til no er det selt nær 400 billettar noko vi er nøgd med, seier Hjelle.
Bikubesong er basert på Frode Grytten si suksessroman med same tittel og regissør Lasse Kolsrud fekk både Hedda-pris og Kritikarprisen for framsyninga.
Det er ein stor tropp som skal fylle scena på Oseana i kveld. I tillegg til 15 personar og ein hund har dei med eit liveband som speler låtar frå The Smiths.
Stykket handlar om menneske som bur i ei murblokk i Odda og gjev eit innblikk i liva deira.
- Og så kan eg fortelje at det skal regne på scena! fortel Hjelle entusiastisk.
Like entusiastisk er ikkje Teknisk sjef på huset Kjetil Moberg.
- Han er veldig bekymra for golvet vårt, men det skal nok gå bra, seier Hjelle og ler.