Avslutta med siger
Handballherrene til Os avslutta opphaldet i 3. divisjon med 30-26 siger over BSI laurdag etter ein noko variabel kamp.
Allereie etter sigeren mot Norrøna førre helg var det klart at herrene til Os Turn igjen var klare for 2. divisjon, men med siger over BSI kunne dei ta 2. plassen på poeng og ikkje berre på innbyrdes oppgjer.
- Vi hadde lyst til å avslutta serien med siger, før vi i kveld feirar opprykket, smiler trenar Leif Idar Røen.
Vanskelege studentar
Studentane frå BSI er eit lag med mange gode handballspelarar og gav Osherrane god motstand. Kampen vippa fram og tilbake før Os tok seg opp i ein to målsleiing, 16-14, til pause.
Andre omgangen starta svakt av Osherrene og BSI utligna og gjekk forbi, før Os igjen fekk kampen inn på sitt spor og tok ein grei siger 30-26.
- Vi rotar det litt til for oss sjølv, med unøyaktige avslutningar og eit litt for tamt forsvar i starten av andre omgang.
- Kampen sett under eitt er eg eigentleg nøgd med. Vi gjer mykje bra, men må nok få opp presisjonen før kampane startar att til hausten, fortel Røen.
BSI-Os 26-30 (14-16)
Os sitt lag: Einar Godø, Joachim Nøkleby (3), Ove Lyssand (4), Joakim Blostrupmoen (6), Trygve Dahl (4), Torbjørn Hjelle (3), Isak Røen (3), Jørgen Wold (3), Andreas G. Sennesvik, Øystein Skarding (3), Daniel Røen.
Os avsluttar sesongen på tabelltoppen, men vil truleg bli forbigått av Kjøkkelvik som framleis har to kampar igjen.