Avskilting og russestøy
Politiet: Avskilte bil, anmeldte bilførar, fekk klage på russebråk klokka 04.00
Tysdag kom politiet over ein bil i Askvik som dei ville sjå nærare på.
– Det viste seg at bilen hadde begjering om avskilting på seg.
– Den mangla både forsikring og hadde ikkje vore til dei naudsynte kontrollane, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Utgåtte skilt
På ettermiddagen tysdag møtte patrulja ein bil med prøveskilt i Byvegen.
– Desse skilta var gått ut på dato, og føraren blei meldt for forholdet.
Sint nabo klaga på russen
Natt til onsdag fekk politiet ein telefon frå ein bebuar i området ved Flåten.
– Han var rimeleg irritert på levenet russen laga klokka 04 om natta.
– Støyen skal ha gått føre seg i omlag 20 minutt og ungane til meldar skal ha bli vekt, fortel Sperrevik.