Lokal | 08. feb. 2021

Avlyser skriftleg eksamen for ungdomsskule og vidaregåande

– Muntleg eksamen er annleis, og vil bli gjennomført.

Avlyser skriftleg eksamen for ungdomsskule og vidaregåande
Elevane på Nore Neset ungdomsskule er blant dei som slepp skriftleg eksamen denne våren. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 08. feb. 2021 10:31

På ein pressekonferanse som starta klokka 11 i dag, opplyser kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby at skriftleg eksamen i år blir avlyst for ungdomsskulane og vidaregåande skular i heile Noreg.

Blant årsakene er at elevar i nokre område har hatt større grad av heimeundervising enn andre.

– Elevane kan likevel førebu seg på at muntleg eksamen blir gjennomført, seier Melby.

Departementet meiner muntleg eksamen i år er betre eigna som vurderingsgrunnlag.

Ei av årsakene er at oppgåvene til muntleg eksamen blir laga lokalt, mens oppgåvene til skriftleg eksamen er felles for heile landet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.