Avlyser revy-framsyning
Artist og tekstforfattar Kari Diesen d.y døydde fredag i førre veke. Framsyninga «Revy, revy og atter revy» på Oseana blir difor avlyst.
29. april skulle dei tre Kari-ane, Kari Diesen d.y, Kari Svendsen og Kari Stokke vitja Oseana med framsyninga «Revy, revy og atter revy» kor dei hadde samla seg rundt revyviser som snart er gått i gløymeboka.
Fredag 11. mars sovna Kari Diesen d.y. stille inn etter lang tids sjukdom.
– Det var natrulegvis ei trist melding å få. Framsyninga blir sjølvsagt avlyst.
– Vi er i ferd med å kontakta dei som hadde køypt billettar slik at dei får desse refundert. Om vi ikkje har kontakta dei enno, så kan dei berre ta kontakt med oss, så vi får ordna det, seier arrangements- og marknadskoordinator Janne Mari Hjelle.
Kari Diesen blei 75 år gamal.