Sport | 18. juli 2013

Avgjort i siste sekund

Os er ute av Gothia cup.

Avgjort i siste sekund
Os-spelarane kan no kvila seg i skyggen, dagens 32-delsfinale endte med 0-1-tap for Stord. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. juli 2013 11:59

Etter 3-0-siger i 64-delsfinalen gjekk Os sitt juniorlag i går vidare i A-sluttspeler i Gothia cup.

I 10-tida i dag starta 32-delsfinalen, som gjekk mot naboklubben Stord.

Styrte kampen

Stord hamna på 2. plass i 1. divisjon i vår, rett nok med fleire frå 1994-årgangen enn kva dei kan ha med i Gothia cup, medan Os sitt lag består nesten utelukkande av førsteårsjuniorar.

– Vi styrte heile første halvdel og pumpa på med angrep og sjansar, seier lagleiar Tore Kleppe.

Men Os klarte ikkje å skåra.

Runda keeper

– Det nærmaste vi var skåring var nok då Sander Kvittingen runda keeper. Men han blei pressa av ein forsvarsspelar og skaut utanfor.

Til pause sto det 0-0, i andre omgang jamna det seg litt meir ut og 0-0 sto seg til 59. minutt.

Då skåra Stord kampens einaste mål.

Vellukka test av Gothia cup

– Det er ein skuffa gjeng eg sit med her, men vi er stolte over dei og synest dei har klart seg bra. I dag viste dei veldig aggressivt spel, dei gjekk ned med flagget til topps, meiner Kleppe.

Os har fått 6 kampar, der dei har vunne 4, med 11-0 som mest suverene siger.

– Nokre blir verande til laurdag, andre pakkar saman og reiser heim. Uansett har vi hatt ein veldig fin tur, ok sportsleg og veldig bra sosialt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.