To av seks i Fana
Handballjentene til Os fekk med seg to poeng frå Slåtthaughallen i helga. - Vi kom ikkje igang i første kampen og tapte mot Kongsvinger som vi burde slått, seier trenaren.
I helga spelte J16-laget til Os tredje runde i den nasjonale Bringserien. Runda gjekk i Slåtthaughallen med Kongsvinger, Trauma og Fana som motstandarar. Før runde håpa trenar Kenneth Husebø på seks poeng, men det fekk han ikkje.
- I første kampen, mot Kongsvinger, skjedde det som dessverre også skjedde i heimerunden.
- Vi kjem ikkje igang og manglar den innsatsen som skal til for å vinna kampane i Bringserien.
- Kongsvinger kjempar oss ut av stilen og vi manglar vilje og tæl til å ta heim sigeren, fortel ein skuffa Husebø.
Då dommarane blåste i fløyta for siste gong måtte jentene sjå at poenga glapp og at dei blei slått 26-31.
Vakna mot Trauma
I den andre kampen på laurdagen var det sørlandslaget Trauma som sto på motsatt banehalvleik.
- No var jentene vakne og hadde forstått at skulle dei vinna kampen så måtte dei yta maks.
- Jentene la ned 100% innsats, tilbake var tempoet i beina og viljen til å kjempa.
- Både i mål, i forsvar og framover på banen gjer jentene ein kjempeinnsats.
- Då var innsatsen der den skal vera. Hadde vi hatt den også mot Kongsvinger, så hadde vi teke dei poenga òg, meiner trenaren.
Trauma blei slått 34-15.
Tøft lokaloppgjer
Siste kamp i runden gjekk mot arrangørklubben Fana og var eit skikkeleg lokaloppgjer. Os hamna bakpå og låg under 1-7 før dei snudde kampen og kjempa seg opp tre mål bak.
- Så får Fana to raske mål på sluten av omgangen som gjer at vi ligg under med 5 til pause.
- Pausa nyttar vi godt og jentene er innstilte på å tørra å gå i angrep utan å tenkje på konsekvensane.
Det lykkast Os med og fire-fem minutt før slutt er Os i leiinga med 2 mål.
- Kva er det som skjer på slutten, når de tapar med eitt?
- Bringserien er ein utviklingsarena både for spelarar og dommarar. Det å vera dommarar i eit tett og tøft lokaloppgjer med veldig engasjerte trenarar på sidelinja kan ikkje vera lett.
- Vi får to tominuttar utvisning i løpet av dei siste to og eit halvt minutta og må spela 4 mot 6. Då klarar vi ikkje stå imot, forklarar Husebø.
Kampen enda tilslutt med eittmålstap 22-23.
Os ligg no på sjette plass på tabellen, men har framleis ein sjans til å ta seg til sluttspelet.