– To av dei flottaste
Janne Mari Hjelle gler seg til å dela Ola og Lars Bremnes med osingane og 10. klassingane gjennom Friskunst-prosjektet fredag.
I oktober 2013 starta Oseana saman med Kavlifondet og Os kommune prosjektet Friskunst, kor formålet er å gje elevar i grunnskulen betre tilgang på kulturelle opplevingar.
– For 10. klassingane starta det med dans og eit møte med Navid.
– I år handlar det om ein litt anna del av kunsten.
– Alle klassane har hatt vitjing frå oss og eit opplegg rundt visesong og tekstar.
– Denne bolken blir avrunda på fredag når Ola og Lars Bremnes møter 10. klassingane med konsert her i Oseana, fortel Janne Mari Hjelle, marknads- og arrangementskoordinator ved Oseana.
«Har du fyr»
Konserten kjem i stand i samband med at dei to brørne Bremnes held ein ordinær konsert seinare på kvelden.
– Lars og Ola er kanskje ikkje like kjende som systra Kari, men er minst like dyktige.
– Eg vil faktisk gå så langt som å beskriva dei som to av noregs flottaste visesongarar.
– «Har du fyr» har kanskje folk høyrd, men dei har eit reportoar som er mykje større enn som så.
– Med dei gode tekstane og melodiane som dei leverer er eg heilt trygg på at det kjem til å bli ei fin oppleving, både for skuleelevane og for publikum fredag, avsluttar Hjelle.