Aurora til Skavlan
Med rundt ei veke igjen til Aurora står på scenen i Os kan ein fredag oppleva ho i beste sendetid på NRK.
Før Aurora vender nasa heimover har ho ein konsert i Fredrikstad dagen før. Og på fyrstkomande fredag er ho ein av gjestane i det populære talkshowet Skavlan på NRK1.
Den svenske TV-personlegheiten Mark Levengood er blant dei andre gjestane denne kvelden.
Aurora, som slepper albumet sitt 11. mars, skal i april ut på ein 3 vekers turné i USA og Canada. Fleire av konsertane der er allereie utseld.
Neste laurdag står osingen og musikaren Aurora på scenen i heimkommunen sin. Det er nesten ingen igjen av dei 1150 billettane til konserten i Oseana.
– Billettsalet har gått strykande, konserten er omtrent utseld. Dei som vil sikra seg dei aller siste billettane må vera raske, fortel Janne Mari Hjelle, frå Oseana.
Setter opp ekstra buss
Oseana har vore i kontakt med Skyss, og det vil bli sett opp ekstra bussavgangar både før og etter konserten.
-I tillegg til dei ordinære rutene, vil det bli to ekstra bussavgangar frå Bergen, ein kl. 19.50 og ein kl. 20.50. I tillegg går det to ekstra bussar kl. 00.10 frå Osøyro til Bergen, forklarar arrangementsjef Berit Steen.
Det skal difor vere enkelt å kome seg til og frå konsert, og Steen oppfordrar publikum til å nytte seg av anten offentleg transport eller apostlane sine hestar denne kvelden.
I går underheldt den unge, travle songstjerna på ungdoms-OL på Lillehammer, kor billettane blei rivne vekk på 20 minutt.
Les om Victoria frå Os som jobbar som frivillig under OL: Victoria på plass i Lillehammer