Aurora Aksnes fekk 50.000
Aurora Aksnes er eit forbilde for kvinner i musikklivet. Torsdag blei ho heidra med pris på 50.000 kroner.
By:larm delte torsdag ut totalt 300 000 kroner i Forbildepriser til kvinner i musikklivet. Utdelinga skjedde i regi av Frifond Musikk og Norsk Tipping. Det blei delt ut tilsaman fem stipend til talentfulle kvinner i musikken.
Hanne Kostøl fekk 100 000 kroner, Kaja Gunnufsen,Sassybeat, Frk Fryd og Aurora Aksnes fekk 50 000 kroner kvar.
-Vi har plukka ut fem særs dyktige kvinnelege utøvarar, som vi meiner kan funga som gode forbilde og rollemodellar for andre jenter som har lyst, men kanskje ikkje heilt tør, å satse på musikken, seier Magnar Bergo, Dagleg leiar i Norsk Musikkråd som forvaltar av Frifond Musikk.
Vil satsa på jentene
Prisutdelarane håpar at ein på sikt kan jamna ut den skeive kjønsbalansen i musikkbransjen ved å satsa på dei kvinnelege talenta.
- Gjennom å settje eit søkelys på unge, talentfulle kvinnelege artistar, håper vi at fleire jenter blir motivert til å satsa på musikken.
– Norsk Tipping bidreg kvart år med betydelege midlar til norsk kultur, og vi ønskjer sjølvsagt at desse penga skal komma endå flerie jenter til gode, seier Pål Enger i Norsk Tipping.
Aurora Aksnes er ein 17 år gammel artist fra Os. Ho byrja å spele piano som 6 åring og er heilt sjølvlært. Ho opptrådde offentleg for første gang som 13-åring. Aurora skriv sine egne sangar, og har nyleg gått i studio med nytt materiale, heiter det i grunnjevinga frå juryen.
– Takk for troen. Det skal bli deilig musikk av dette, takkar Aurora Aksnes sjølv på facebooksida si.
På scena i kveld
I kveld speler Aksnes sin første av to konsertar under By:larm i Oslo når ho går på scena på Herr Nilsen klokka 22.30. Den andre konserten held ho på Gamla laurdag klokka 21.00.
Førre veke spelte supertalentet på Landmark i Bergen til strålande kritikker.
– Det bur ein stor vokalkraft i Aurora Aksnes (17). Ein vokalkraft som bergtar, skriv Ann Kristin Ødegård i BA om konserten ho gjev terningkast 5.