Åtvarar mot glatte veger
Oppdatert: Trafikkuhell på klink is i Lysefjorden, buss av vegen. Politiet åtvarar mot glatte sidevegar og fortau. Kommunen har alt tilgjengeleg mannskap ute og saltar.
I morgontimene har det vore svært glatt, spesielt på sidevegar og fortau. Med lett regn og temperatur rett under 0 har det som har kome ned frå oven blitt til klink is.
Politiet gjekk tidligere i morgontimane ut på twitter og åtvara mot at det framleis var glatt på mange vegar over heile fylket etter at det fraus på i går kveld.
Ein Midtsiden-leser har tipsa redaksjonen om at ein buss har krasjet i Lysefjorden i dag tidleg.
– Det var klink is, fortel lesaren.
Etter det Midtsiden forstår var uhellet på Søvikvegen ved Buena, kor ein buss hadde sklidd av vegen. Bussen skal no vera berga oppatt på vegen.
Tilgjengelig mannskap ute
Robert Flister i teknisk vakt i Os kommune seier det er glatt mange stader i kommunen, og oppmodar folk om å ta det med ro.
– Vêromslaget var meldt, og vi har hatt alle tilgjengelige mannskap ute sidan klokka halv fire i natt. Men vi klarar ikkje vera alle stader på ein gong, så nokre plassar vil det frysa på.
Prioriterte vegar
Flister fortel at det heile tida vert ei vurdering kortid dei er ute og saltar.
– Er vi for tidleg ute og det regnar, vil saltet regna vekk og vi får ingen effekt. Då må vi ta same runden ein time etterpå.
– Vi har ruter og prioriterte vegar vi må ta først. Til dømes Smiebakken og og Industrivegen, som er bratte kommunale vegar. Nokre stader frys det fortare på enn andre stader, til dømes Ole Bulls veg, Langedalen og innover mot Gaasand. Så det er lokale forskjellar, og folk må vera obs. Men dei fleste er klar over dette og tek det med ro.
Glatt igjen i morgon
– Til kvelden og natta er det meldt om vêromslag igjen, så det blir kaldare att. Då vil vi måtte ta same runden igjen. Og det er greit at folk er klar over at det truleg vil vera glatt i morgontimane i morgon også.