Åtvarar mot glatte vegar
Tre bilar kolliderte ved oblatautomaten på Søfteland. Politiet åtvarar mot glatte vegar.
Rett før klokka ni sundag morgon fekk politiet melding om kollisjon mellom tre bilar på Søfteland.
– Det skal ikkje vera personskade, men det er svært glatt på staden, melder operasjonssentralen i Hordaland politidistrikt.
Politiet har fått fleire meldinger frå rundt i fylket om trafikkuhell og utforkøyringar sundag morgon.
– La bilen stå
I helga var fristen for å legga om til sommardekk, men som bilist har du likevel ansvaret for å vera skodd etter forholda.
– La bilen stå, eller legg om att, om du har skifta til sommerdekk, er oppfordringa frå politiet.
Under trafikkdirigering forbi ulykkesstaden på Søfteland kom det ein bil på sommardekk.
– Føraren vil bli anmeldt, er meldinga frå politiet.