Åtvarar mot glatte vegar
– Vi har vore ute og salta og skal ut igjen tidleg i morgon, fortel Hong Nguyen frå Os kommune.
Tysdag kveld fekk Midtsiden inn fleire meldingar om glatte sidevegar i Os.
– Vi har no vore ute og salta dei vegane kommunen har ansvar for, seier teknisk vakt i Os kommune, Hong Nguyen.
1. januar starta med regn, men midt på dagen gjekk det over til sludd og i ettermiddag fraus det på.
– Betre no
– Det var verst i 18-tida, så då ringte vi vegvesenet. Men så kom det seg, det er tydeleg at det har vore saltebilar ute, synes Asbjørn "Assa" Jakobsen hos Os Taxi.
Teknisk vakt seier salte-mannskapet skal ut på vegane igjen tidleg i morgon, i 5-6-tida.
– Men det er likevel verdt å vera varsam, vi rekk ikkje alle vegane på same tid, åtvarar Nguyen.
Ifølgje Yr.no skal det vera opphaldsvêr på formiddagen onsdag, men regn på ettermiddagen. Temperaturen skal ligga på frå 2 til 4 plussgradar.
Meir nedbør i vente
Torsdag skal det bli varmare, rundt 7 gradar og regn. Det vêret er venta å halda seg heile den første veka i 2013.
Det er venta 17 mm nedbør onsdag, 28 mm torsdag og 12 mm fredag. I helga skal det regna mindre.