Åtvarar mot falske Microsoft-tilsette
I fjor blei fleire osingar lurt til å gje frå seg både herredøme over eigen pc og sensitive personlege opplysingar. No har dei falske datasuportarane byrja å ringa til Os igjen.
Har du blitt oppringt av ein utlending som seier han ringer frå Microsoft og påstår at det er oppdaga problem med pc-en din?
Du har du blitt forsøkt svindla.
I mars og april i fjor skjedde dette med fleire osingar.
Enkelte blei også lurt, følgte instruksjonen til vedkomande som ringte, som via internett fekk kontroll over pc-en og kunne tappa denne for informasjon.
– Denne veka har vi blitt kontakta av fleire osingar som har opplevd det same, fortel politibetjent Tom Johannessen frå Os lensmannkontor.
– Dei som ringer kan verka veldig sikre i si sak og dei ringer gjerne fleire gongar til same person.
Microsoft er tydelege i saka; Microsoft kontaktar deg aldri uoppfordra vedrørande support. Vi ber deg heller aldri om passordet ditt, skriv Microsoft Norge på eigne heimesider.
Deira råd er enkelt; om du blir oppringt av nokon som seier du har problem med pc-en din, og vil gje deg support, legg på!