Åtte lag til A-sluttspel
– Dette er sjeldan vare, seier Tore Kleppe om Os TF sine prestasjonar i Norway Cup. I dag er det 1/16-finalar.
Søre Neset sine juniorjenter er vidare til kvartfinale i B-sluttspelet, nesten alle laga til Os Turn gjekk vidare i A-sluttspelet.
Os TF stiller i år med 9 lag, av desse gjekk 8 lag til A-sluttspel og heile 7 av desse vann første runde onsdag formiddag.
– Det har nok aldri skjedd før at vi har så mange i A-sluttspel, 2 juniorlag, 3 gutelag, 2 smågutelag og eit jentelag, seier Tore Kleppe.
Han har vore med som far og suportar, ikkje minst som supportar, i fleire år, og gler seg saman med trenarar, foreldre og spelarar over dei gode prestasjonane.
– Spelarane har vore i fyr og flamme dei siste dagane og vi har etter dei siste kampane onsdag kveld framleis fem lag som er vidare.
Tett med 1/16-finalar
Juniorlaget, to gutelag, jentelaget og det eine smågutelaget er framleis vidare.
Alle speler 1/16-finale torsdag formiddag.
Smågutelaget spelte 0-0 i siste innleiande runde, vann pulja, gjekk glipp av ein TV-sendt kamp, men fekk éin kamp mindre å spela og vann første sluttspelkamp 3-0.
Torsdag klokka 10 ventar kamp mot Fjellhammar.
Jentelaget tapte 2-4 i siste innleiande, men knuste til med 6-0-siger i sluttspelet og møter America Elite torsdag klokka 11.
Medan Os 3 i guteklassen rauk ut mot afrikanske Fatick (0-3) vann Os 1 3-0 og Os 2 1-0 og dei to som er vidare speler bekke klokka 9 torsdag morgon.
Førstelaget til juniorane gjorde det svært skarpt i innleiande rundar, og vann pulja med 18-3 i målforkjell på tre kampar.
Onsdag blei det spelefri, torsdag klokka 13.15 er det 1/16-finale mot Djerv 1919.