Sport | 16. okt. 2015

Atletiske nybyrjarar

VIDEO: Kvar torsdag går det rundt og rundt i Oshallen, trampetten har mellom 40 og 80 på trening på det yngste partiet.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. okt. 2015 09:56

Os Turn si trampettgruppe opplever god rekruttering, noko justert etter andre idrettar sin sesong.

– Eg har inntrykk av at mange har trampett som tillegg til annan idrett, seier instruktør Bjarte Storum.

– Og det er den godt eigna til, her får du både balanse, spenst, koordinasjon og styrking av kjerne- og støttemuskulatur.

Opp og ned i sesongen

Dei eldste ungdomane er ei gruppe på oppunder 20 medlemmar, dei yngste var før sommaren oppe i 80, etter sommaren nede i 30, og no i 45 igjen.

– Det svingar ein del, det er spesielt når fotballsesongen er over at vi har ekstra mange på trening.

Vekene fram mot første søndag i advent blir det øving til årets juleshow med heile turngruppa.

Her kan du sjå video frå showet i fjor - med den historiske trippelsaltoen til Tom André Hjelle.

Veteran på pause

Nils Petter «Petti» Pedersen, som har vore instruktør i over 30 år, gav seg til sommaren grunna skade.

– Vi har heldigvis fått inn to nye, flinke instruktørar, Tormod og Jon, men eg saknar Pettien og håper han får sjanse å koma tilbake igjen, seier Bjarte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.