Kultur | 29. jan. 2017

Astrid S klar for Tysnesfest

I går runda ho av Spellemannprisen med Os-bandet Kream sin versjon av «Hurts so good», i dag fortel Tysnesfest at Astrid kjem vestover til sommaren.

Astrid S klar for Tysnesfest
Astrid S speler på Tysnesfest i juli. (Foto: Universal Music)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 29. jan. 2017 18:00

Astrid Smedplass (20), som kom på 5. plass i Idol same år som Eirik Søfteland tok seg til finale (2013), har hatt ei stor karriere etter songkonkurransen.

«Shattered» selte til gull i Noreg og låg åtte veker på VG-lista, ho blei nominert tilårets mest lovande artist i 2014 (UtAwards), i 2015 song ho med Shawn Mendes på låten «Air» på hans debutalbum Handwritten, som toppa Billboard-lista og i går vann ho Spellemannprisen for Årets nykommer i 2016 samtidig som ho fekk Gramostipendet.

• Les òg: To Spellemannprisar til Aurora

Astrid S avlutta Spellemannshowet med framføring av «Hurts so good», som allereie er streama over 110 millionar gongar på Spotify.

Ho skal etter det Midtsiden kjenner til ha valt Os-douen Kream sin remix av låten.

• Les òg: Kream passerte Aurora

Tysnesfest-arrangørane har smurd seg inn med ei porsjon timing og slepp Astrid S som ein av artistane til årets festival.

Tysnesfest 2017 blir arrangert 12. til 16. juli i år.

Blant andre artistar på plakaten finn vi: Kristoffer Cezinando, Kim Larsen & Kjukken, Highasakite, Staysman & Lazz med Katastrofe som gjest, DeLillos, Vamp, Sivert Høyem, Janove Ottesen, Ausekarane, Sigvart Dagsland og Karoline Krüger, De Musikalske Dvergene og Storm Weather Shanty Choir.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.