Åsne går til Sandviken
Eliteseriespelar Åsne Takle Eide byter klubb før neste sesong.
Etter seks sesongar i Arna-Bjørnar skiftar no tidlegare Os-spelar og angripar Åsne Takle Eide heimebane. Framleis held ho seg i Bergen, men den nye klubben blir erkerival Sandviken.
– Vi er stornøgd med at ho har valgt oss. Forhåpentlegvis er ho den første av 3–4 forsterkningar før neste sesong, seier sportssjef i Sandviken, Fredrik Nesslin til ba.no.
Sandviken har før neste sesong mista angriparane Madeleine Giske (lagt opp og blir trenar for to andre tidlegare Os-spelarar i Fana) og Andrea Thun (flytta grunna studier).
Gler seg til nye utfordringar
Takle Eide fortel om seks fine sesonger i Arna-Bjørnar, men at det no var på tide med eit skifte.
– Det har vore mange oppturar med tre bronse, eitt NM-gull med J19 og eitt NM-sølv for J19. Men eg ikkje klart å etablera meg godt nok i startellevaren på seniorlaget på den måten eg hadde ønskt.
– Då Sandviken viste interesse så blei vi einige om ein overgang.
– Målet er at klubbskiftet skal gje meir speletid. Det blir òg spennande med ny trenar, fortel Åsne Takle Eide, som no får tidlegare Os-trenar Øyvind Nordtveit som trenar.
– Kva ventar du av din nye klubb?
– Eg ventar at hardt arbeid på treningsfeltet, treningsleir og elles i oppkøyringa vil betala seg med rettferdig speletid. Og så gler eg meg til å prøva noko nytt, avsluttar Takle Eide.
Sandviken, som rykte opp til Toppserien i 2014, avslutta 2015-sesongen på 9. plass med 21 poeng, to plassar bak Arna-Bjørnar.