Sport | 17. okt. 2012

Årsbeste av Karoline

Karoline Breivik gjer det stadig betre på bilcrossbanen.

Årsbeste av Karoline
Karoline Breivik har berre kjørt bilcross i eitt år, men var i helga berre éin plass frå å kjøra A-finale. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. okt. 2012 09:02

I helga kjørte Karoline, som byrja med bilcross i fjor, sesongens siste klubbmeisterskap.

I førre vestlandsmeisterskap hamna ho på 3. plass i C-finalen, i helga var ho éin plass ifrå å kjøra A-finale.

– Dei fire beste kjører A-finale saman med vinnaren av B-finalen. Karoline hamna på 5. plass etter tre andreplassar og éin tredjeplass som beste plasseringar i dei fire innleiande rundane, seier bestefar Håvard Gåssand stolt.

Med 5. plass blei det B-finale, for første gong, og der tok Karoline ein fin 3. plass.

– Dette blei hennar beste prestasjon til no! Til helga skal vi avslutta sesongen i Vikedal. Der er det fleire deltakarar og endå hardare konkurranse, seier Gåssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.