Lokal | 27. feb. 2016

Arroganse frå leiinga

Lesarinnlegg: Pasientorganisasjonane går til kontrollutvalet med sak om prisauke i Osbadet.

Arroganse frå leiinga
Osbadet opningsdagen 20. september 2006. No vil avsendar be kontrollutvaket sjå om den 10 år gamle avtalen seier noko om prisauke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 27. feb. 2016 08:35

Der har tidlegare vore oppslag og intervju i lokalpressa om prisauke på over 40 % frå det kommunale foretaket Osbadet KF for bruk av terapibassenget.

Begge organisasjonane har prøvd å ta opp saka med Osbadet og i fleire utval i kommunen. Her har ein blitt møtt med arroganse fra leiinga i Osbadet KF og ikkje noka grunngjeving for ein slik prisauke.

Først av alt er det slik at kommunen har plikt å legge tilhøva til rette for dei som har ein helsemessig trong for trening i terapibasseng. Dette ligg som ein føresetnad for så vel investeringar som i statlege overføringar.

Leiinga i Osbadet KF ser på desse gruppene på lik line med andre kundegrupper etter vanleg marknadstenking – noko som er i strid med norsk helsepolitikk.

Det er andre kommunar i Hordaland der desse gruppene ikkje vert belasta økonomisk.

Organisasjonane tek no opp saka formelt med kontrollutvalet i Os kommune, då dette utvalet har som hovudføremål å sikra at innbyggjarane har tillit til at kommunen løyser oppgåvene sine på best mogeleg måte og i samsvar med gjeldande lovar og reglar.

Det spørsmålet som kontrollutvalet primært skal sjå på, er om styret i Osbadet KF heilt vilkårslaust og einsidig, kan auka leigeprisen i terapibassenget eller om dei er bunden av ein avtale med pasientorganisasjonane frå 2006 om å justera prisauka i samsvar med alminneleg prisauke, slik avtalen har vore forstått og praktisert fram til 2016.

Os LHL og Os Revmatikerlag

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.