Næringsliv | 29. nov. 2012

AroyDee opna i dag

– Det var hektisk i innspurten, men vi blei ferdig, seier innehavar Marirosi Marcellin. Sjå bildeserie frå den nye restauranten i Os sentrum.

AroyDee opna i dag
F.v.: Kokk Somphong Soobthaisong, Jamnien T. Øvreeide, Maliwan Rungloy Aspevik, innehavar Marirosi Marcellin og Usanee Yomlar bak disken på opningsdagen torsdag 29. november. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. nov. 2012 15:32

Bildeserie:

Kjersti Fjellvang var blant dei første som bestilte bord. (Foto: KVB)
Kjersti Fjellvang var blant dei første som bestilte bord. (Foto: KVB)
Eksotisk stemning i Telthuskvartalet. (Foto: KVB)
Eksotisk stemning i Telthuskvartalet. (Foto: KVB)
Elefantar hører med i thairestaurantar. (Foto: KVB)
Elefantar hører med i thairestaurantar. (Foto: KVB)
Og bambus. (Foto: KVB)
Og bambus. (Foto: KVB)
Den tidlegare tv-sjappa er fullstendig forandra. (Foto: KVB)
Den tidlegare tv-sjappa er fullstendig forandra. (Foto: KVB)
Med bord og koselege sitjebåsar. (Foto: KVB)
Med bord og koselege sitjebåsar. (Foto: KVB)
Huseigar Tore Lehrmann var innom med blomar på opningsdagen. (Foto: KVB)
Huseigar Tore Lehrmann var innom med blomar på opningsdagen. (Foto: KVB)
1 av 7

I lokalet der tv-butikken Lehrmanns har halde til i mange år er det i dag opna thairestaurant.

Innehavar Marirosi Marcellin, som frå før eig og driv AroyDee på Laksevåg, var glad for at han endeleg kunne opna dørene på Os.

– Vi har alltid likt Os og vi har allereie fått fleire bordbestillingar, sjølv om vi ikkje har annonsert enno.

– Det er gode signal, vi har tru på at restauranten skal bli godt mottatt, seier Marcellin.

Tilsette frå Os

Ein av dei første som kom innom for å bestilla bord var Kjersti Fjellvang, dagleg leiar ved Travelnet Os Reisebyrå.

– Eg har ikkje vore i Thailand før, innrømmer ho.

– Men eg har vore i Indonesia og er veldig glad i asiatisk mat, legg Kjersti til.

Med seg i restauranten har han den thailandske kokken Somphong Soobthaisong, Usanee Yomlar, som jobbar ved AroyDee på Laksevåg, og to thailandske kvnner frå Os, Jamnien T. Øvreeide og Maliwan Rungloy.

Les òg: Restauranten er ferdig

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.