Sport | 10. jan. 2011

Arne over 6 sider i ALFA

Fortel om oppvekst og ungdomstid: Det nye mannebladet ALFA var med Arne Thuen til VM i Las Vegas.

Arne over 6 sider i ALFA
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 10. jan. 2011 09:32

Arne Thuen, som tok fleire VM-gull frå 2003 til 2007 og fekk to sølvmedaljar i 2009, reiste til Las Vegas for å runda av karrieren som verdsmeister. Sånn gjekk det ikkje, etter to sigrar blei det to tap og 5. plass.

- No må eg forandra teknikken så eg ikkje belastar olbogen så mykje, sånn at eg kan ta gull i neste VM, seier Arne Thuen til magasinet ALFA.

Aller Media sitt manneblad ALFA blei lansert i oktober i fjor. I årets første utgåve, som kom i hyllene i dag, har dei ein sekssiders reportasje frå turen med Arne Thuen og resten av laget til VM i Las Vegas.

Slo Torkel Ravndal
Til ALFA fortel Arne om starten på hanbak-karrieren, då han fekk telefon frå uteplassen Madam Ane med spørsmål om han kunne steppa inn som vikar for å bryta mot verdas sterkaste mann, Torkel Ravndal.

- Det var ein ganske jamn kamp. Det tok mellom åtte og ti sekund. Eg vann. Torkel Ravndal var heilt i sjokk. Då var då eg fortso at eg var god, seier Arne til ALFA.

Sidan han var 17 år har Arne, som fyller 57 år i år, jobba på Rolls Royce-fabrikken ved Ulvensletta. Der har det blitt mange veddemål og kva «menneske-kranen» kan løfta.

Ein gong løfta han ein 380 kilo tung jernklump med éi hand. Verdsrekorden den gong var Ravndal sin, på 371 kilo.

- Snill og fredeleg
ALFA har fått Thuen til å fortelja om både oppvekst der han blei utsett for vald og ungdomstid der alle skulle prøva å banka den sterke guten frå Thuen.

- Eg blei utrygg og redd. Treninga blei terapi, fortel Arne til ALFA.

I intervjuet kan vi også lesa om bilinteressa hans, om «fredsmeking-oppdrag» og om då Arne og Lars Rørbakken måtte ta hand om ein krakilsk mann på flyet heim frå VM i Tokyo for nokre år sidan.

- Arne har store musklar utanpå, men hjarta hans er størst. Ein gong fekk eg dei styggaste solbrillene eg har sett i presang av Arne. Han hadde kjøpt dei fordi han ikkje ville såra han som selte dei, fortel handbakkollegaen Øyvind Birkeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.