Arne og Aurora heidra i Bergen
Osingane Arne Mæland og Aurora Aksnes fekk kvar sin stein på «Walk of Fame» i Bergen.
I 2015 fekk Bergen sin eigen «Walk of Fame» i Nøstegaten, kor fpersonar som har vore med å sette Bergen på kartet blir heidra.
– Dette er vår måte å heidre dei som har gjort mykje for byen og satt Bergen på kartet, fortalde Roger Iversen, ein av intitativtakarane til prosjektet då det starta i 2015.
Til no har desse fått namnet sitt i stein: Trond Mohn, Helge Jordal, Sverre Faaberg, Trude Drevland, Laurie Grundt, Ole Torp, Oddvar Torsheim, Gunnar Staalesen, Sir Paul McCartney, Erna Solberg, Hans-Wilhelm Steinfeld, Frank Aarebrot, Christian Gottlieb Rieber og Per Grieg sr. og Cecilia Brækhus.
To osingar heidra
Fredag blei ni nye steiner avduka. Denne gong med to osingar; Arne Mæland og Aurora Aksnes blant dei som blei heidra.
– Kjempefint, var den korte kommentarer Aurora Aksnes fekk gitt til BA under utdelinga.
Dei andre som blei heidra fredag var: Anne Randine Øverby, Jan Eggum, Davy Wathne, Tor Endresen, Brødrene Thue, Leo Ajkic og Thorstein Selvik.