Kultur | 20. juni 2016

Arnardo til Os - med nytt telt og norsk linedansar

Torsdag opnar tivoli i Os, i neste veke kjem Cirkus Arnardo.

Arnardo til Os - med nytt telt og norsk linedansar
Christer Pettersen var med på avslutningsseremonien for OL i London. I neste veke balanserer nordmannen i Os.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 20. juni 2016 12:45

Bildeserie:

Direktør Arild Arnardo.
Direktør Arild Arnardo.
Olandars angorakattar.
Olandars angorakattar.
Rampin Clowns.
Rampin Clowns.
1 av 3

Det går mot nokre underhaldande og leikne veker i Os. Torsdag startar marknadsdagane, med Skandinavisk Tivolipark, som blant anna har med ein heilt ny berg-og-dal-bane, i neste veke kjem Cirkus Arnardo til Hegglandsdalen.

Arnardo er i sin 68. sesong og stiller med nytt telt og nytt program onsdag 29. juni.

Norsk linedansar

- Vi er alltid stolte av artistane vi har med på turné, men det er ekstra stas med artistar som har fått internasjonale utmerkingar, seier cirkusdirektør Arild Arnardo, som sjølv blei dekorert med Kongens fortjenstmedalje saman med kona Bjørg i fjor.

No har han med seg ein norsk linedansar som allereie som 9åring fekk prøva seg i Arnardo-manesjen. Den gong var han for ung til å bli med på turné, no er han 30 år og har blant anna vore med på avslutningsseremonien for OL i London.

Du har kanskje òg sett på imponera i «Norske talenter» på TV2.

Illusjon, sjonglering og humor

Det er ikkje kva du gjer, men korleis du gjer det» er mottoet til Michael Ferreri. Han er temposjonglør som har vunne prisar både i Monte Carlo og Moulin Rouge i Paris.

Arnardo byr òg på illusjonsnummer, dyr og klovnar i showet dei viser i nytt telt i Os om ei god veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.