Årets sjukepleiarsjef: Turid H. Heggeland
Turid Hagevik Heggeland overraska med pris på sjukepleiardagen.
I dag blir sjukepeiardagen markert over heile landet.
Turid Hagevik Heggeland, som jobbar på Kysthospitalet i Hagevik, blei overraska med NSF sin leiarpris.
følgje sjukepelairforbundet er leiarprisen ein pris som skal gå til nokon som bidrar til «en kompetent, tydelig, rett bemannet, godt koordinert sykepleietjeneste, med fokus på faglig kvalitet, pasientsikkerhet, aktiv brukermedvirkning og godt arbeidsmiljø.»
– Eg er stolt og takksam, sa Turid då ho fekk overrekt prisen av fylkesleiar i NSF Vestland, Reidun Stavland.
Sjukehussjefen på Kysthospitalet, Kari Indrekvam, heldt tale til prisvinnaren.
– Vi som kjenner deg veit kor fortent denne prisen er. Du er ein avdelingsleiar som har utmerkt deg på alle desse punkta forbundet ramsar opp.
– Du adresserer kompetanse, pasient-tryggleik og arbeidsmiljø – og får ei avdeling med høg kvalitet på alle vis, sa Indrekvam, ei veke etter nyopning på nyoppussa avdeling.
– Det fører til nøgde og trygge tilsette. Du er opptatt av å vera rettvis, og du er tydeleg i tilbakemeldingane dine.
Direktør for ortopedisk klinikk, Kjell Matre, deltok også.
– Turid er erfaren, men nytenkande. Eg synest det er ekstra kjekt at prisen er initiert av ein av våre eigne tilsette her på Kysten.
Det er Turid Hagevik Heggeland sin etterfølgjar som leiar på anestesiavdelinga, Hege Haugen, som nominerte Turid.
– Turid er ein solid leiar, meiner Haugen.
NSF Vestland skriv blant anna følgjande om årsaka til at Turid fekk prisen:
- Heggeland bidrar til at sykepleierne i sitt kliniske virke kan utvikle sin faglige kompetanse ved å sikre seg oversikt og tilby kompetansehevende tilbud
- Heggeland tilrettelegger for pasientsikkerheten og tar vare på sine ansatte
- Hun er engasjert i hver enkelt ansatt ved å ta seg tid, lytte, støtte og se den ansattes ressurser og begrensninger
- Kontoret hennes er alltid åpent
- Årlig arrangeres det trviselsaktiviteter som psåkefrokost, julefrokost og sommeravslutning. Turid steller i stand samlinger for alle enten hjemme hos seg selv, i avdelingen eller andre steder