Årets kulturstipend til rock og roing
Kommunen delte ut stipenda i ettermiddag.
Kulturstipenda for Bjørnafjorden kommune blei utdelt på eit arrangement for særskild inviterte på Kulí kafé i ettermiddag.
Dei to kulturstipenda frå Bjørnafjorden kommune går i år til Erik Vaktskjold (22) og Cato Johan Bakke (28).
Kvart av dei er på 20.000 kroner og blei delt ut av ordførar Trine Lindborg.
Midtsiden kjem tilbake med intervju med dei to i eiga sak.
2 av 10
Det er fjerde året Bjørnafjorden kommune har lyst ut kulturstipend. Unge mellom 16 og 29 år kan søka om stipend.
Målet med stipendordninga er å stimulera og inspirera til kreativitet, talentutvikling og kulturelt mangfald på heile kultur- og idrettsfeltet.
I år kom det inn 10 søknader, frå 4 gutar og 6 jenter.
– Det var fleire søknadar enn i fjor. Det har vore god fordeling på ulike kunstformer og idrettsgreiner, og mange sterke kandidatar til stipenda for 2023, seier kultursjef Erik Vangsnes.
– Det er ikkje lett å samanlikna søkarane. Eit val måtte likevel gjerast og formannskapet gjorde det endelege vedtaket.
Dei to stipendmottakarane i år representerer to felt der Bjørnafjorden har markert seg godt over tid: roing og hardrock eller «trash metal».
Presentasjon av stipendmottakarane:
Erik Vaktskjold
Det er viktig å stimulera til rekruttering og inspirera til vidare satsing i eit kulturliv med stort mangfald og god breidde. Os roklubb har over tid fått fram mange nye talent og det eine stipendet i år går til den 22 år gamle roaren Erik Vaktskjold.
Han presterer på høgt nasjonalt nivå og har representert Noreg internasjonalt. I denne idretten har Norge stolte og lange tradisjonar. Erik har ambisjonar og den store draumen er å ta del i OL.
Cato Johan Bakke
Det andre stipendet i år går til ei kulturform og musikksjanger som sjeldan får den store merksemda lokalt, men som har eit stort publikum verda over.
Stipendet går til 28 år gamle Cato Johan Bakke som speler hardtslåande rock innan det som blir kalla «trash metal». Cato er gitarist og speler i banda Reptilian og Sepulcher som har speleoppdrag både i inn- og utland og har fleire plateutgjevingar bak seg.
– Vi håper stipenda kan bidra til at dei to mottakarane kan satsa vidare og utvikla seg innan sin aktivitet kvar på sitt vis. Bjørnafjorden kommune gratulerer så mykje med stipenda og ønsker lykke til på vegen vidare.