Årets juniorutøvar
Karoline Breivik, som debuterte som bilcross-kjørar i fjor, blei 5. beste av 23 i klubben og er kåra til årets utøvar i NMK Bergen.
Karoline Breivik fekk i 2011 bil i konfirmasjonsgåve og hadde i fjor sin første konkurransesesong.
Karoline hadde ein god start og ei fin utvikling gjennom året, som ho toppa med avslutninga, der ho kjørte årsbeste, var éin plass frå A-finale og kom på 3. plass i sin første B-finale.
– Klubben hadde årsmøte for ei veke sidan, der fleire medlemmar møtte fram, og nokre av dei fekk pris, seier tidlegare rallycross-kjørar, bestefar Håvard Gåssand.
På nmkbergen.no kan du sjå alle prisvinnarane.
Karoline fekk pris for beste juniorutøvar. I sin første sesong var ho 5. beste blant 23 juniorar.
I tillegg til gode resultat viste juryen til Karoline sin treningsvilje og framgang.
– Det er mange motorinteresserte i Os, og dei som vil prøva seg på bane med fire hjul kan ta turen til Eikås til helga.
– Fredag og laurdag er det teorikurs for nybyrjarar, laurdag blir det også litt kjøring for kursdeltakarane, fortel Gåssand.