Kultur | 04. jan. 2020

Årets ildsjel: Brit Eirin Tungeland

Også Mol og Sørum fekk pris på idrettsgallaen i kveld.

Årets ildsjel: Brit Eirin Tungeland
Brit Eirin Tungeland, her på vorspiel i Hamar Kulturhus før turen gjekk vidare til Hamar OL-amfi. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 04. jan. 2020 21:38

Bildeserie:

Scenen i Hamar OL-amfi. (Foto: CFB)
Scenen i Hamar OL-amfi. (Foto: CFB)
Brit på veg av scenen med prisen. (Foto: CFB)
Brit på veg av scenen med prisen. (Foto: CFB)
Årets lag: Sørum og Mol. (Foto: CFB)
Årets lag: Sørum og Mol. (Foto: CFB)
1 av 3

Brit Eirin Tungeland frå Os Turn si handballgruppe var blant over 500 nominerte til prisen «årets ildsjel».

Juryen valte først ut éin frå kvart fylke, så blei det funne fem finalistar:
Brit Eirin Tungeland frå Os Turneforening i Hordaland.
Vivian Nilsen frå Berlevåg Turn & Idrettsforening i Finnmark.
Sverre Inge Lystrup Ness frå Hommelvik Guts i Trøndelag.
Rolf Hansen frå Galterud IF i Hedmark.
Karin og Kåre Ivar Melsæther frå Bærums Verk Hauger IF i Akershus.

Då kveldens niande pris skulle delast ut, var det eldsjelene sin tur.

Prisen gjekk til Brit Eirin Tungeland!

– Tusen takk! Dette er heilt uverkeleg! sa Brit Eirin.

– Det er mange eg vil takka, heldt ho fram.

Prisen blei delt ut av Marit Bjørgen og Kjetil André Aamodt.

Takka ektemann, barnebarn og andre frivillige

Prisvinnaren stilte utan manus, men hugsa både dei som nominerte ho, andre frivillige ho har jobba med som frivillig, alle som har stemt ho fram og jobba med å få andre til å stemma. Og spelarane ho har trent og trent med.

– Så har vi dei eg kanskje vil takka mest, HU-laga eg har fått trena.Dei har vist mykje idrettsglede og gitt meg mykje glede.

– Og så må eg få takka barnebarna mine, Tormod, Peder og Halvor, for at eg har fått lov å vera trenaren deira. Det har gjort at eg kan halda fram endå litt til, sa Brit, før ho takka ektemannen Thorleif, som lar ho gå så mykje i hallen.

2 av 3 prisar til Bjørnafjorden-utøvarar

Tidlegare i kveld har årets lag blitt kåra.

Her stakk Anders Mol frå Strandvik saman med Christian Sandlie Sørum av med prisen.

Trenaren deira, Kåre Mol, var nominert til prisen årets trenar, men den gjekk til Leif Olav Alnes.

Alle prisvinnarane

Årets gjennombrot: Erling Braut Haaland

Årets kvinnelige utøver: Therese Johaug

Årets trener: Leif Olav Alnes (Karsten Warholm sin trenar)

Årets kvinnelige parautøver: Vilde Nilsen

Årets lag: Anders Mol og Christian Sørum

Årets forbilde: Maren Lundby

Utøvernes pris: Karsten Warholm

Årets mannlige parautøver: Salum Ageze Kashafali

Årets ildsjel: Brit Eirin Tungeland

Årets mannlige utøver: Karsten Warholm

Årets navn: Karsten Warholm

Idrettsgallaens hederspris: Suzann Pettersen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.