Arealplanen for Os kommune tek form
Men før den kjem ut på høyring skal plan- og bygningsutvalet i ein serie møte gå den ekstra godt i saumane.
Fredag hadde plan-og bygningsutvalet (PBU) det første av fleire møte kor innspel til arealplanen skal vurderast på nytt.
På bordet ligg no òg konsekvensutgreiing (KU), ROS-analyse (sikkerhets- og sårbarhetsanalyse) og landskapsanalyse.
Gjeldande arealplan vart vedtatt 19.06.2012. Kommuneplanens arealdel (KPA) er ein del av kommunens langsiktige planlegging, skal vera eit strategisk dokument og skal samordna viktige behov for vern og utbygging. Målet er at det det skal bli lettare å utarbeide meir detaljerte planer og raskare ta avgjerder i enkeltsaker i tråd med kommunale mål og nasjonal arealpolitikk.
Arbeidet med kommuneplanen sin arealdel strekk seg heilt tilbake til våren 2013.
Omfattande - med behov for ekstra gjennomgang
Sidan i fjor haust har PBU, i tillegg til dei ordinære byggesakene, jobba seg gjennom alle krinsane i Os og sett på senterstruktur, senteravgrensing, offentleg infrastruktur, bustad, næring, fritidsbustader, strandsone og landbruk.
PBU har gjort eigne vedtak på senterstruktur og sentersone for alle krinsane i kommunen.
Administrasjonen har vurdert alle innspela etter vedtatte silingskriterie. Deretter er det gjort ei politisk vurdering og vedtak av alle innspela før ekstern KU‐vurdering. I tillegg har temaområda, som strandsoneplanen, vore vurdert ved særskild handsaming.
Det kom inn 11 offentlege fråsegn og 6 private merknader til planprogrammet. Det kom inn 13 offentlege fråsegn og vel 250 private innspel til oppstart av planarbeidet.
På fredag starta gjennomgangen av nærare 200 innspel. I ei serie møte framover vil PBU gå gjennom kvar einskild sak.
KU-vurderingar var forseinka
Framleis ventar administrasjonen på at Asplan Viak skal bli ferdig med konsekvensutgreiing av fleire titalls saker, og under møtet på fredag vart alle desse sakene satt på vent.
Administrasjonen kunne opplysa at dei venta å få dei manglande KU-vurderingane i løpet av fredag ettermiddag og kveld.
Utvalet valde då å utsetja dagens planlagde møte til onsdag, slik at administrasjonen kunne få tid på seg til å førebu materialet dei forhåpentlegvis no har fått i løpet av helga.