– Arbeid først
Arbeiderpartiet feira 1. mai med talar om arbeidsløysa i Europa, om korleis regjeringa takla finanskrisa og om det "mørkeblåe" alternativet til regjering ved haustens stortingsval.
Onsdag blei 1. mai markert med kort prosess i minneparken, i høljande regnvêr, talar, kaffi og gode samtalar i Kløvertun etterpå.
Marte Mjøs Persen, leiar av Bergen Arbeiderparti, la ned kransar og ungdomar frå Os og Kuventræ skulekorps spelte to vers av Ja, vi elsker, så gjekk turen ned i Kløvertun, der Mjøs Persen heldt appellen sin før forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen heldt tale.
– Ein festdag og ein kampdag
Mjøs Persen starta appellen sin med å fortelja om 1. mai som ein festdag og ein kampdag.
– Både fest og kamp er best i fellesskap, 1. mai handlar om fellesskap. Vi kan feira alt vi har fått til, men vi skal hugsa at kampen ikkje er over.
Ap-politikaren frå Bergen snakka om nazist-grupperinger i Athen og fascisme i Ungarn.
– Når arbeidsløysa er stor og mange fell utanfor fellesskapen er det fare for slike grupperinger.
– Dette kan blussa opp kvar som helst kor tid som helst, derfor er arbeidsløysa i Europa så skummel.
Det mørkeblå alternativet
Arbeiderpartiet er ikkje berre nøgd med eigen innsats innan det å bygga fellesskap, Mjøs Persen er nøgd med korleis regjeringa i Noreg tok landet ut av finanskrisa.
– I Sverige valte dei alternativet Høgre og Frp ville gått for om dei hadde makta i Noreg, lågare avgifter. Svenskane klarte seg ikkje like bra gjennom krisa som oss, som satsa på tiltak som skapte mykje jobb for privat næringsliv.
Også forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen fokuserte i sin tale på det ho kalla det mørkeblåe alternativet.
– Veljarane må hugsa på at alternativet til vår regjering ikkje er ei Høgre-regjering, men eit mørkeblått alternativ.
– Dette er historisk. Tidlegare har vi hatt ei borgarleg samling der Høgre har vendt seg inn mot sentrum, no har vi eit alternativ med Høgre saman med Frp, eit alternativ til høgre for Høgre.
Kampen for arbeid
Anne-Grete Strøm-Erichsen snakka også om kvinner og korleis 1. mai handlar om kampen for arbeid til alle.
– Det er i år 100 år sidan vi fekk allmenn stemmerett i Noreg. Noreg var i 1913 det 4. landet i verda som innførte allmenn stemmerett.
– Nyleg har vi som første vestlege land etter Israel også vedtatt kjønnsnøytral verneplikt. Det vil kanskje gå nokre år før vi ser kor stort dette er.
Ho snakka vidare om kva regjeringa har klart dei siste åra, om rett til barnehageplass, makspris i barnehagar, auka fedrekvote og auka mengde arbeidsplassar.
– Mange trur det berre er i offentleg sektor vi har auka, men det er ikkje rett.
– Vi kjempar for arbeid til alle og meiner mangel på arbeid er alvorleg. Mykje av det vi har bygd opp kan rivast ned av andre parti om ikkje vi får halda fram med arbeidet vårt, sa Anne-Grete Strøm-Erichsen i Os 1. mai.