Anleggsstart på ny politistasjon
I oktober blei 12 ekstra millionar sikra, i går byrja gravearbeidet på Moberg.
Politiets Fellestjenester søkte i august 2017 etter lokale til Os lensmannskontor. Os kommune var blant dei som meldte si interesse og blei kvalifisert til å gje tilbod.
Sommaren 2018 blei det bestemt at ny politistasjon blir samlokalisert med Os brann- og redningsteneste og Os og Samnanger legevakt i nybygg på Moberg.
Nybygget, som òg skal husa driftsavdeling til Ohara, skal innehalda parkeringskjellar, kontorplassar, møterom, avhøyrsrom og ventecelle.
Bygget var planlagt å bli cirka 2.140 kvadratmeter fordelt på tre etasjar med ein prislapp på 60 millionar kroner. Etter å ha evaluert innkomne tilbod med ønskje om å auka arealet, og endra byggjekvalitetane med blant anna skalsikring av 1. etasje, anbefalte rådmannen at totalramma for prosjekt «Politistasjon Moberg» blei auka.
Kommunen vil tene inn igjen prisauka gjennom auka leigeinntekter, og kommunestyret gjekk i oktober samstemt inn for å auka ramma frå 60 til 72 millionar kroner.
Arbeidet er i gang
Åsane Byggmesterforretning AS er valt til hovudentreprenør. To firma frå Os, Lekven Entreprenør AS og betongentreprenør Lekven Bygg og Eiendom AS, er dei to første underentreprenørane som er involverte i prosessen.
I går starta gravearbeidet.
– Tomta har vore tipp under Ohara-bygginga. No skal vi først vekk med massane, så geolog slepp til, seier Glenn Hovland, prosjektleiar hos Lekven Entreprenør.
Massane skal flyttast rett over til den andre sida av vegen inn til Ohara for mellomlagring.
– Geologen sine undersøkingar vil gje svar på om det blir masseutskifting eller pæling.
Stor og spennande jobb for lokale firma
Ei av maskinene som i går byrja med gravearbeidet er ein CAT 330, ifølgje Hovland den første som kom til Noreg då dei fekk den i sommar.
– Det er mykje ny teknologi på denne, og dette er den første store jobben den er på, så det er litt stas for oss med dette prosjektet.
– Etterpå skal Lekven Bygg og Eiendom i gang med beongarbeidet, og dette er deira største jobb til no.
Innflytting i januar 2021
Gravearbeidet er venta å ta to-tre veker, litt avhengig av kva geologen anbefalar etter undersøking.
Bygget skal vera ferdig om cirka eit år, for innflytting i desember og med operativt politi og ledig ventecelle på Moberg frå 15. januar 2021.