Anka amfetamin-dom
Kvinna som i oktober blei dømt for å oppbevara 267 gram amfetamin under ei madrass på Solstrand har prøvd saka for Gulating lagmannsrett.
I februar i fjor blei ei kvinne og ein mann tatt på Solstand Hotel & Bad med 65 gram hasj.
Etterpå fann ei stuepike litt over 267 gram amfetamin under ei madrass på hotellrommet deira.
Mannen blei dømt i tilståelsesdom i juni, kvinna blei dømt i Nordhordland tingrett i oktober.
Erkjente forholdet - men endra forklaring
Kvinna, som no er 27 år, er frå ein nabokommune av Os.
Ho erkjente først forholdet og sa at all narkotikaen var hennar.
Men så endra ho forklaring og sa at ho ikkje kjente til at mannen ho var saman med hadde narkotika med seg på hotellet.
I forklaringa hennar sa ho at ho tok på seg skulda fordi ho skulda mannen pengar.
Trudde ikkje på tiltalte
I februar var ankesaka oppe i Gulating lagmannsrett. Retten tok stilling til to spørsmål:
1. Er tiltalte skuldig i erverv eller oppbevaring?
2. Er handlinga grov?
Lagmannsretten svarte ja på begge spørsmåla.
I vurderinga festar lagmannsretten ikkje lit til tiltalte si forklaring, blant anna fordi dei meiner det er usannsynleg at mannen ho var med skulle påta seg skuld om han på førehand hadde bedt tiltalte om å påta seg all skuld.
I tillegg hadde tiltalte kort tid i forvegen blitt tatt for sal av 40 gram amfetamin, eit forhold ho tilsto.
Nesten ferdig sona
Kvinna, som er dømt to gongar tidlegare, var i mars i fjor dømt til 5 månadar fengsel for sal av 50 gram amfetamin og ein liter GHB.
I oktober blei ho dømt til 1 år og 2 månadar fengsel.
Lagmannsretten meiner 1 år og 6 månadar fengsel er passande straff. Til frådrag kjem 378 dagar kvinna har sete i varetekt.