André til Hollywood
Os-regissør André Øvredal arbeider no saman med Hollywood-legenda Chris Colombus om ny film.
Det er filmpolitiet i NRK P3 som meldar at regissør André Øvredal har fått eit skikkelig karriereløft etter suksessen med Trolljegeren.
No arbeider han saman med Chris Colombus, mannen bak kjente filmar som Gremlins, Hjemme alene 1 og 2, Men in Black 1 og 2 og dei to første Harry Potter-filmane om eit nytt filmprosjekt.
Colombus har skrive eit nytt manus som han ønskjer at Øvredal skal bearbeida og regissera.
- Han er stor fan av Trolljegeren, fortel Øvredal om Colombus til NRK P3.
- Dette vil bli ein klassisk Chris Colombus film som treff meg midt i hjarte. Det blir ein slags monsterkomedie i retning av Gremlins og Men in Black, seier Øvredal til nettstaden.
Han legg ikkje skjul på at det blir ei kjempeutfordring om prosjektet lykkast.
Godt motteke
Øvredal sin film Trolljeger har nettopp blitt vist på Sundance-festivalen i Park City, Utah.
- Det har vore heilt fantastisk. Publikum skjønte den norske humoren og tok i mot filmen med masse applaus og god ord.
Sundance-festivalen blir omtala som det aller viktigaste utstillingsvindauge for amerikanske og internasjonale uavhengige filmar. Store regissørar som Quentin Tarantino, Paul Thomas Anderson, Darren Aronovsky og Steven Soderbergh har fått gjennombrota sine på festivalen.
- Det er ei kjempeære å få vise filmen på festivalen, avsluttar André Øvredal.