Lokal | 07. feb. 2021

Anbefaler skjerpa tiltak i Bergen og 12 nabokommunar

Dette kan bli konsekvensen i Bjørnafjorden kommune.

Anbefaler skjerpa tiltak i Bergen og 12 nabokommunar
Bjørnafjorden rådhus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 07. feb. 2021 10:38

Vi har nesten fire veker på rad utan nye smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune, og assisterande kommunedirektør Nils-Petter Borge kunne tordag informera formannskapet at kommunen ligg på risikonivå 1 av 5.

Men Bergen har utbrot av både engelsk og sørafrikansk variant av koronaviruset.

– Bergen er i ein alvorleg situasjon, seier helseminister Bent Høie (H) i ein epost til NTB laurdag kveld.

I dag fortel VG at Helsedirektoratet anbefaler særleg høg tiltaksnivå for Bergen og 12 nabokommunar, inkludert Bjørnafjorden kommune.

Kortvarig og differensiert

Men det kan bli ulike tiltak i dei 13 kommunane, og Helsedirektoratet anbefaler at tiltaka i første omgang gjelder for éi veke, altså fram til søndag den 14. februar.

Helsedirektoratet anbefaler forsterka smitteverntiltak og særleg høgt tiltaksnivå, tilsvarende ring 1, i følgande utbrotskommuner:

Bergen kommune
Kvam
Ulvik

Dei anbefaler smitteverntiltak og særleg høgt tiltaksnivå, tilsvarende ring 2, i desse kommunane:

Alver
Askøy
Bjørnafjorden
Osterøy
Samnanger
Vaksdal
Voss
Øygarden
Eidsfjord
Ullensvang

Kva er forskjellen?

Både tiltaka i ring 1 og ring 2 inkluderer stengte kjøpesenter, med unntak av apotek. Frittståande butikkar kan ha ope, det same kan daglegvare, Vinmonopolet, bensinstasjonar og apotek.

Blant forskjellane på ring 1 og ring 2 er at kommunane i ring 2 har følgt nasjonale reglar for arrangement, mens alle arrangement utanfor heimen har vore forbode i ring 1.

Tiltaka som har vore i ring 2 på Austlandet har inkludert gult nivå i skule og barnehage, opne bibliotek, opne treningssentre (men berre for innbyggarar med bustadadresse i kommunen).

Det er òg ope for organisert svømmetrening og annan organisert idrett for barn og unge.

denne sida på regjeringen.no kan du lesa meir om tiltaka for ring 1 og ring 2 på Austlandet i samband med utbrotet i Follo.

Kor tid kjem tiltaka?

Bergen kommune har varsla pressekonferanse med offentliggjering av nye tiltak i løpet av dagen i dag, men det har foreløpig ikkje kome klokkeslett.

– Tiltak i Bjørnafjorden er foreløpig ikkje avklart. Vi veit meir seinare i dag, seier kommuneoverlege Klaus Melf til Midtsiden søndag formiddag.

OPPDATERT: Her er dei nye tiltaka som gjeld i Bjørnafjorden frå klokka 18 i ettermiddag

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.