Amfi auka i juli
Med mindre badevêr har trafikken på Amfi Os auka i juli. – Tala for juli er kjempebra, men det var dei faktisk i fjor sommar òg, seier Anne Kristine Tøsdal.
Ein skulle tru at vêret har mykje å seie for omsetninga i butikkar og på sentre. Det har det, men berre til ein viss grad.
– Med det vêret vi fekk i sommar så hadde eg rekna med gode tal. Men samstundes så såg vi i fjor sommar at vi, sjølv med det fantastiske vêret vi då hadde, at vi auka frå året før, fortel Anne Kristine Tøsdal, senterleiar på Amfi Os.
Omsetninga i juli har vakse med 6,3% i 2015 samenlikna med 2014.
– I år omsatte vi til saman for 43,7 millionar kroner. Tilsvarande tal i fjor var 41,1 millionar.
Alle veks
Ein kunne kanskje tru at spesielt kles- og tekstilbransjen ville opplevd ein nedgang med det vêret som har vore.
– Det har ikkje vore tilfellet. Dei har nok brent inne med eindel av sommarkolleksjonen sin. Eg vil tru det heng eindel shortsar rundt på stativa. Men samstundes så har dei kome tidlegare i gang med haustkolleksjonen, så alt i alt har også dei ein oppgang frå i fjor, seier Tøsdal.
Hus, heim, kler og tekstil har ei auke på rundt 4 % samanlikna med juli i fjor. Serveringsstadene og spesialbutikkane toppar lista med over 12% auke.
– Eg er veldig glad for at alle bransjegruppene viser vekst. Det er god driv på senteret og ingen ledige lokaler. På topp ligg Asia Mat som har heile 120 % høgre omsetning i juli i år. Ikkje overraskande er det Brun og Blid som ligg på andre plass.
Senterleiaren fortel at tilbakemeldingar ho har fått frå andre senter i kjeda tyder på at det ikkje er berre på Os ein ser vekst i sommar.
– Vi får utklipp frå aviser over heile landet og dei skriv det same. Det har vore auke alle stader, avsluttar Anne Kristine Tøsdal.