Amerikansk torsdagtur
Bildeserie: Torsdagsklubben fekk seg ein annleis runde i Osbyda då Amcar-klubben inviterte på tur.
Torsdagsklubben er ei gruppe psykisk utviklingshemma menneskje som samlast ein gong i veka til ymse aktivitetar. Gruppa starta i 1991 under namnet kaffiklubben og 12 medlemmer.
I dag er det heile 57 medlemmar i klubben som har skifta namn etter møtedagen.
- Vi gjer mykje forskjellig, mellomanna ut på tur.
- No hadde vi lyst til ein biltur og spurte Amcar-klubben om dei kunne hjelpe oss, fortel Rita Undheim.
Ei lita misforståing, truleg grunna rogalandsdialekta til Rita, gjorde at Amcar-klubben stilte med heile ni bilar i staden for dei tre som Undheim hadde tenkt seg i utgangspunktet.
- Det er heilt fantastisk gjort av Amcar-gjengen. Medlemmane i Torsdagsklubben set utruleg pris på at dei stiller, fortalte Undheim før runda i Os tok til.