Sport | 20. feb. 2016

Amerikansk dominans i Odda

Dei amerikanske kompisane Devante Dubose og Max Oldham leika seg for Os i Hardanger.

Amerikansk dominans i Odda
Max Oldham og Devante Dubose skåra kvart sitt borte mot Odda (foto: KVB)
Andris Hamrelaurdag 20. feb. 2016 18:40

Os tok laurdag turen til Odda for testa formen mot divisjonskollegaer Odda.

– Det blei siger 2-0, oppsummerar assistenttrenar Ørjan Håland tørt.

– Vi dominerte stort og løp dei i senk. Odda fekk vel låne ballen i to minutt ellers var den vår.

– I dag speler vi til tider svært god offensiv fotball anført av dei to amerikanerane Devante og Max som skårar måla i dag. Devante på ein corner, Max på straffe, oppsummerar Håland.

Os stilte med desse i Odda: Frode Øvredal, Markus Sørås Bjørnevik, Adrian Valle, Devante Dubose, Knut Spanglo Haga, Rafael Villén, Torgeir Lunde, Øystein Takle Eide, Max Oldham, Erik Kanestrøm, Fabian Bødtker. Anders Havsgård kom inn for Fabian Bødtker, Steffen Ljosheim kom inn for Takle Eide 2.omg og Emil Halvér fekk 20. min for Erik Kanestrøm. Keeper Kasper Færøvik kom inn som høyreback siste 10.min for Markus Sørås Bjørnevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.